Det nye FIL-huset er teken i bruk!
Postet av Førde IL den 13. Des 2014
Måndag 08.12.14 var det sluttsynfaring og overlevering av vårt nye praktbygg på Hafstad Idrettspark, og laurdag 13.12.14 kunne ein stolt styreleiar Ove Farsund og dagleg leiar Per Øyvind Storevik guide Firda-lesarane gjennom nybygget. - Ein av dei største dagane i Førde Idrettslag si snart 100-årige historie, kunne Ove Farsund konstatere.
NM i orientering til Førde
Postet av Førde IL den 24. Jul 2014
I månadsskiftet juli-august 2014 er Førde IL Orientering medarrangør til Fjord-O-Vest 2014 der NM Ultralang på Langeland er ein del av arrangementet. Vi ynskjer O-gruppa lukke til med det som teiknar til å bli deira største arrangement i historia.
Sommaridrettsskulen i Firda
Postet av Førde IL den 24. Jun 2014
Lokalavisa Firda hadde 24.06.14 ein flott reportasje om mangfaldet i den pågåande sommaridrettsskulen 2014 som vert arrangert av Førde IL barneidrettsgruppa.
Toppidrettsstipenda for 2013 til Håvard, Gjøran, Daniel og Kari
Postet av Førde IL den 17. Mai 2014
17. mai vart årets toppidrettsstipend utdelt til skiskyttaren Håvard G. Bogetveit, langrennsløpar Gjøran Tefre, fotballspelar Daniel Kvalvågnes og alpinist Kari B. Hole, med kr. 10.000 til kvar.
Daniel Kvalvågnes vant også årets pris frå Finn Friis Hafstads minnefond (kr. 7500,00).
Årsmøte Førde Idrettslag torsdag 24. april 19:00
Postet av Førde IL den 18. Mar 2014
Styret i Førde IL hovudlaget kallar med dette inn til årsmøte 2013 torsdag 24. april 2014 kl. 19:00 på Førdehuset (utstillingsalen).
Årsmelding og rekneskap vert behandla samla for Førde IL sine særgrupper. Særgruppene må sørge for at minst eitt styremedlem er tilstades.
Vinnarar av Førde IL sitt Toppidrettsstipend 2013 og Finn Friis Hafstad Minnefond sitt stipend vert kunngjorde. Utdeling av stipenda vert 17. mai 2014.
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Framlegg: Innkallinga og saklista vert godkjend
Sak 2. Konstituering
a) Val av dirigent.
Framlegg: A.Steen
b) Val av skrivar.
Framlegg:
c) Val av 2 personar til å skrive under protokollen.
Framlegg:
Sak 3. Årsmelding 2013
Framlegg: Årsmeldinga for 2013 vert godkjend
Sak 4. Konsernrekneskap 2013 med revisorberetning.
Framlegg: Rekneskapen for 2013 vert godkjend
Sak 5. Kontingent for 2015
Framlegg: Kontingenten vert uendra: Kr.150.- for barn og kr. 250.- for vaksen.
Sak 6. Budsjett 2014
Framlegg: Budsjettet vert godkjent
Sak 7. Innkomne saker
Frå FIL Langrenn: Forslag til produksjonsanlegg på Langeland (sjå vedlegg)
Framlegg: Til møtet
Sak 8. Val etter vedtektene
Framlegg: Valkomiteen sitt framlegg.
SERVERING.
UTLODDING AV SYKKEL.
Førde, 18.mars 2014
Styret
Tidenes største symjestemne!
Postet av Førde IL den 7. Feb 2014
Vi ynskjer Førde IL Symjegruppa lukke til med tidenes største symjestemne (LÅMØ) helga 7-9. februar 2014, og flott førehandsomtale i Firda 6. februar. Nesten 300 symjerar og nesten 100 funksjonærerar er i aksjon på Førdehuset denne helga. Lukke til!