Karoline på 4. plass i Nordisk meisterskap!

Postet av Førde IL den 12. Nov 2017

No håpar dei begge på EM-plass

 

GODE DEBUTAR: Karoline Holsen Kyte og Eivind Øygard er eit langt steg nærare EM-plass etter løpa i Nordisk meisterskap i Danmark laurdag.

 

Av Stig Roger Eide

Publisert:11. november 2017, kl. 19:43 firda.no

 

FRIIDRETT: Vart beste norske løparar i seniorklassa i Nordisk meisterskap laurdag.

Både Karoline Holsen Kyte (Førde) og Eivind Øygard (Jølster) imponerte stort under Nordisk meisterskap i terrengløp. Etter løpet i Middelfart i Danmark laurdag, er håpet om EM-deltaking blitt meir aktualisert. Holsen Kyte vart nummer fire i kvinneklassa, medan Øygard vart nummer fem i herreklassa.

Ingebrigtsen-duell

– Ja, sjølvsagt er tankane om EM no blitt litt meir aktuelt. Men sjølv om vi begge vart beste norske løpar i dag, så er det fleire andre aktuelle løparar i tillegg, seier Eivind Øygard. Han viser til at brørne Filip og Henrik Ingebrigtsen visstnok skal ha wild card til EM, og at det skal vere eit uttakingsløp under høgdeopphaldet som Norges Friidrettsforbund har i Flagstaff i USA i desse dagar.

– Så spørst det sjølvsagt også om kor mange forbundet vil sende til Slovakia. Så akkurat no er kanskje det mest realistiske at eg skal springe eit nytt kvalifiseringsløp i Nederland om 14 dagar. Kanskje eg då kunne få vist at eg er god nok. Uansett er dette bonus for meg slik denne sesongen har vore. Den har gått over all forventning, og løpet i dag var ei flott stadfesting på det eg opplevde tidlegare i haust, seier 25-åringen som har teke steget opp i landstoppen i løpet av dette året.

– Ja, det har losna skikkeleg i år. Eg har trent godt i mange år, men det er først i 2017-sesongen at toppløpa har komme. Så eg håpar berre å bygge vidare på dette, og ta alle sjansane eg får, seier Øygard.


Fekk sølv

EM i terrengløp vert i år arrangert i Slovakia tidleg i desember, og Karoline Holsen Kyte har også eit ønske om å få vere med der.

– Hittil har sesongen vore langt over dei forventningane eg hadde i vår. Skulle det bli EM-deltaking i terrengløp i tillegg, vil det berre vere heilt fantastisk. Eg hadde det litt i tankane i dag, og hadde mål om å bli beste norske i kvinneklassa. Difor opna eg ganske hardt også, og fekk det kanskje litt på slutten. Men berre seks sekund unna bronsemedaljen er meir enn godkjent for min del, smiler Førde-jenta etter løpa i Middelfart i Danmark.

– No er det tilbake til Oslo og studiar. Og sjølvsagt trening. Skulle det dukke opp ein EM-billett, så vil det sjølvsagt berre vere ekstra motiverande, seier Holsen Kyte.

Og sjølv om det ikkje vart individuelle medaljar på dei to sunnfjord-utøvarane, så fekk det norske laget sølvmedaljar i lagkonkurransen. Berre to fattige poeng bak Sverige.

– Då vart det også sølvmedalje i Nordisk meisterskap i debutløpa våre. Klart vi har grunn til å vere nøgde med det, seier Holsen Kyte.




Bruframlegget mellom Førdehuset og Hafstadparken vekker harme i Førde IL

Postet av Førde IL den 29. Okt 2017

Utklipp Firda 28.10.2017:

FØRDE: – Vi er harme, seier leiar Tor Starheim i Førde Idrettslag.

AV: Sigurd Løseth, Firda

Han reagerer sterkt på at Statens vegvesen tilrår å legge ei rundkøyring framfor Førdehuset og ta kunstgrasbana til parkeringsplassar i ei løysing for bru over Jølstra frå Hafstad til Angedalsvegen som ligg inne i Førdepakken.

– Førde IL har 1200 medlemmer som spelar fotball. Det er halvparten av medlemsmassen vår. Det er ikkje a-laget som blir råka, men breiddefotballen. Vi har ikkje ein kvadratmeter bane å avstå. Hafstadparke er alt sprengt, fastslår Starheim.

Han meiner forslaget vil vere øydeleggande for dagens tilbod og aktivitet, men knuser også planar for framtida.

Kunstgrasbana sentral

– Vi held på med eit konsept som vi kallar Nye Førde stadion der kunstgrasbana er ei heilt sentral brikke. Dette konseptet som ordførar, rådmann og kommunalsjef i Førde kommune kjenner godt til, og som naturlegvis Håkon Fimland var djupt inn inne i, omfattar ikkje berre fotballen, men også ei totalrenovering av friidrettsarenaen. Vi har venta på at Førdepakken skulle komme med utkastet sitt for bruløysing, men håpa naturlegvis at kunstgrasbana ikkje skulle gå med, seier Starheim.

I årevis har det vore ein debatt om å legge kunstgras på hovudbana, men fleirtalet i idrettslagsstyret har stemt det ned fordi Førde ville miste statusen som nasjonal friidrettsarena. Av omsyn til kastøvingane må det vere grus eller naturgras på anlegget.

– Det er ikkje lenger tilbake enn i 2013 at Førde-fotballen kjempa om opprykk til det som no heiter Obosligaen. Før sommaren det året leia vi heile avdelinga. I dette klimaet vart det igjen tenkt at vi måtte utvide fotballbana til 105 x 68 meter. I denne prosessen kom konseptet Nye Førde stadion på plass. Vi har også teikna inn 60 meter innandørs sprintbane og skyteanlegg under tribuneanlegget. Alt er gjennomtenkt og planlagt med plass til 1800 tilskodarar under tak, fortel Starheim.

Utandørskonsertar

– Anlegget vil også kunne bli brukt til utandørskonsertar og utvide Førdehuset sin status som storstova i byen, legg han til.

Starheim opplever at kommuneleiinga er begeistra for planane til 85 millionar kroner, men etter ein intern diskusjon er arbeidet stoppa opp. Også andre anlegg pressar seg fram i tida. Både handballen, turn, symjegruppa og volleyball har store behov og forventningar.

– Førde Idrettslaget har i lag med Førde industri- og næringssamskipnad likevel tankar om å presentere både idretten og næringslivet sine ønske og visjonar for Førdehuset, seier Starheim som midt opp i alt dette åtvarar kommunen sterkt mot å gløyme utviklingspotensialet utandørs når brutrasé over Jølstra skal fastleggast.

Dekket på kunstgrasbana ved Førdehuset er fullstendig utslite og underlaget knallhardt, og skulle vore skifta ut for lengst. I dag er det grendeserien og barnegruppa som spelar kampane sine på bana, i tillegg til at den vert brukt av skulane.

– Eg skal tilstå at Førde IL gjennom konseptet Nye Førde stadion har ansvaret for at bana ikkje har fått nytt kunstgras. Kommunen budsjetterte midlar i 2014, men dette blei lagt inn i konseptet for ny stadion, seier han.

Viktige synergiar

I staden for å legge desse planane i ruinar, meiner han Førde kommune må stå på for å få fram utviklingspotensialet som ligg i området.

– Hafstadparken har venta på brua for at idretten i endå større grad skal kunne dra nytte av synergiane mellom Førdehuset og Hafstadparken, både under Førde Cup og andre samanhengar. Avstanden er kort, ikkje berre i luftlinje, men også for praktiske funksjonar. Dette er også éin av grunnane til at Førde Idrettslag har lagt så stor innsats i å få bygt Hafstadparken, seier Starheim.

– Hadde ikkje Oddvar Huseklepp, Ove Farsund og Knut Folkestad vore så uthaldande i sitt verk, hadde det sannsynlegvis ikkje komme nokon Hafstad idrettspark. Det skulle gå 10–11 år med korridorpolitikk før det vart etablert ein utbyggingsavtale. På det tidspunktet hadde Førde Idrettslag og vår gode venn, kommunalsjef Håkon Fimland, som stod like mykje på for idrettslaget som for kommunen, samla inn 18 millionar kroner til prosjektet.

– Å fjerne éi av i alt tre kunstgrasbaner i området vil mildt sagt vere lite framtidsretta for senteret i den nye kommunen i Indre Sunnfjord, seier Tor Starheim.

Sjå video av Nye Førde Stadion på firda.no




NSF kåra Langeland til årets anlegg når rulleskianlegget vart opna

Postet av Førde IL den 16. Okt 2017

Fleire hyggelege ovveraskingar då rulleskianlegget på Langeland vart offisielt opna søndag 15.10.17. Skipresident Erik Røste hadde med seg prisen for "årets anlegg 2017", og Sparebanken Sogn og Fjordane kom med gåvesjekk på heile 350.000 til utviklinga av skiskyttaranlegget - det neste store delprosjektet på Langeland.

F.v. Kjetil Bjørset (styreleiar Langeland Skisenter), Mathias Råheim (ordførar Gaular kommune), Jenny Følling (fylkesordførar), Olve Grotle (ordførar Førde kommune) og Ole Jakob Sande (Langeland Skisenter).

Opning og Anleggspris

Skipresident Erik Røste og fylkesordførar Jenny Følling stod for snorklippinga då rulleskianlegget på Langeland vart offisielt opna søndag. Skipresidenten overrekte også årets Anleggspris til skisenteret.

Ein stor dag - Dette er ein stor dag for oss, og det har vore ein lang prosess fram mot realisering av anlegget understreka styreleiar i Langeland Skisenter, Kjetil Bjørset, i samband med opninga.

- Vi har lagt ned eit stort stykke arbeid og investert nærare 10 millionar kroner i rulleskianlegget, difor er det ekstra stas å bli tildelt skiforbundet sin anleggspris. Dette er eit synleg bevis på at vi har gjort mykje riktig i prosessen, og at anlegget etterkvart framstår som både tidsriktig og moderne, sa Kjetil Bjørset etter at skipresidenten hadde overrekt prisen.

Skipresident Erik Røste (t.v.) saman med styreleiar i Langeland Skisenter Kjetil Bjørset.

I vurderinga av kven som skulle motta årets anleggspris var det to anlegg som landa på lik poengsum ved vekting gjennom følgjande kriteriar:

At anlegget har gode løysningar i forhold til heilårsbruk

At det er tilrettelagt for god variasjon av aktivitetar

At utforming gjer det attraktivt for topp- og breiddesegmentet

At det er etablert gode løysninger for å sikre snø

I begrunnelsen for kvifor Langeland Skisenter vart tildelt prisen saman med Linderudkollen i Oslo heiter det:

Dette skisenteret utgjer regionens viktigaste treningstilbod for si grein. Gjennom dei siste åra har ein arbeida svært målretta for å sikre både god vinter- og sommaraktivitet. Rulleskianlegget på 3,3 km med opning 15.oktober 2017 befestar posisjonen som eit tidsriktig heilårsanlegg, innretta også for tur- og sykkelaktivitet. Snøproduksjonsanlegget har optimalisert teknologi for god kapasitet. I utforming av anlegget er det god likevekt mellom topp- og breiddesegmentet. Sentralt på arenaen er område for skileik, og anlegget er det naturlege utgangspunkt for turløyper i flott fjellterreng.

Skipresident Erik Røste (t.v.), fylkesordførar Jenny Følling og styreleiar i Langeland Skisenter Kjetil Bjørset.

Skipresident Erik Røste under den offisielle opninga av rulleskianlegget ved Langeland Skisenter.



https://www.skiforbundet.no/so...

https://www.firda.no/sport/for...





Toppidrettstipenda utdelt 17. Mai

Postet av Førde IL den 17. Mai 2017

Vinnarane av Førde IL toppidrettstipenda for 2016/2017 vart Silvia Kapstad (styrkeløft), Karoline Erdal (skiskyting), Håvard Gutubø Bogetveit (skiskyting) og Gjøran Tefre (langrenn), og 17. Mai fekk dei tradisjon tru utdelt stipenda under folkefesten i Førdehuset.




Årsmøte Førde IL torsdag 30.03.2017

Postet av Førde IL den 28. Feb 2017

1.1 Sakliste for årsmøtet i Førde IL.pdf

Lenke til Årsmelding her: http://www.fordeidrettslag.no/storage/files?uid=11...






Flott gjennomført LÅMØ Vest 2017

Postet av Førde IL den 13. Feb 2017

Førde IL Symjing hadde invitert over 300 symjerar til LÅMØ Vest 2017 i Førdehuset 10-12. februar 2017. Det var over 70 frivillige funksjonærar i sving på dei 3 dagane Landsdelsårsklassemønstringa varte, og både arrangementsteknisk og sportsleg vart dette ein suksess. Vi fekk oppleve at fleire aldersbestemte Norgesrekordar vart sletta denne helga.




Info januar 2017 om tidsfrist årsmøter m.m

Postet av Førde IL den 2. Jan 2017


INFO JANUAR 2017.pdf

ÅRSMØTE I FØRDE IL – torsdag 30.03.2017

Dato for årsmøtet er torsdag 30. mars 2017. Frist for innsending av saker er 1. mars. Særidrettsgruppene må avhalde sine respektive årsmøter seinast 15. mars. Vil særidrettsgruppene ha årsmøtet sitt på FIL-huset, må ein hugse på å booke møtelokale i god tid hos tone.lin@forde-fotball.no.

Årsfestmiddagen på FIL-Huset er booka laurdag 25. mars. Innbyding til dette kjem seinare, men vi ber særidrettsgruppene notere dato.

VALKOMITEEN TEK MOTFORSLAG

til leiar og styremedlemer i Førde IL hovudlaget. Send forslag innan 1.marstil FIL valkomiteen:

  • Knut Folkestad, leiar folkestad@union.no
  • Nils Olav Kongsvik, medlem
  • Monica Litsheim, medlem
  • Steinar Gram (vara)

ÅRSAVSLUTNING 2016 – frist 31.01.2017

Frist for innlevering av regnskapsdokumentasjon er tysdag 31. januar 2017. Resultatrekneskap, saldobalanser, hovudbøker osv. kan sendes på mail til revisorkurt.hyllestad@bdo.no eller anne.mortensbakke.solheim@bdo.no (tlf. 47800028).

  • Lønnsytelsar/honorar utover kr. 10.000 skal som hovudregel lønnsinnberettast. Ta kontakt med Irene Bjørndal v/IB Rekneskap innan 10. januar viss du treng bistand med dette. Tlf. 41573418, irene@ibrekneskap.no.
  • Idrettslag/særidrettsgrupper som har færre enn 600 bilag i løpet av rekneskapsåret, kan nytte låsbart regneark som regnskapsprogram. NIF har utarbeidd ein Excel-mal som du finn i undermeny «regnskapssystem» HER.
  • Alle idrettslag som har meir ein 600 bilag skal nytte rekneskapsprogram.
  • Rekneskapet må følgje Norsk Standard Kontoplan.
  • Lenke til NIF sine rekneskaps- og revisjonsbestemmelsar HER.

ÅRSMELDINGAR og BUDSJETT FRÅ GRUPPENE

må vere styret i hende innan 17.mars 2016. Vi sender alle årsmeldingane til trykking

i veke 11-2016. Hugs og referat frå årsmøter og oversikt over ny styresamansetning med epost og kontaktinfo. Særidrettsgruppene sine årsmeldingar vert trykt som vedlegg til hovedlaget si årsmelding. Dersom særgruppa vil framheve ting spesielt og evt. sende med bilder, må dei gjere dette på eiga sak (frist 1. mars).

IDRETTSREGISTRERINGA 2016

Frist for idrettsregistreringa er 30. april 2017. Særidrettsgruppene/medlemmane pliktar å registrere/betale sitt medlemsskap via KlubbAdmin (registrering) / Min Idrett (betaling). Det er kun betalande medlemmer som kan rapporterast. I 2016 hadde Førde IL 1771 betalande medlemmar via vårt medlemsregister i KlubbAdmin (av cirka 2200 unike medlemmer til einkvar tid). Registreringa er grunnlag for tildeling av off.midlar til Førde IL, og seinare gjeld det som grunnlag for tildeling av blant anna LAM-midlar (aktivitetsmidlar) til gruppene.

FINN FRIIS HAFSTAD MINNEFOND

sitt stipend går jf. statuttane til utøvarar innan ski, fotball eller friidrett og vert kunngjort på årsmøtet 30. mars og delast ut i forbindelse med 17. mai markeringa i Førde . Ein har berre høve til å vinne dette minnestipendet ein gong, så tidlegare vinnerar kan ikkje re-nominerast jf. minnestatuttane. Send begrunna framlegg til «Finn Friis Hafstad Minnefond» innan 1. mars. E-post post@fordeidrettslag.no.

TOPPIDRETTSSTIPENDET 2016/2017

Styret i Førde IL vil kunngjere vinnar (-ar) av Førde IL sitt toppidrettstipend 2016/2017 på årsmøtet 30. mars. Også desse stipenda blir utdelt på 17. mai.

VÅR FELLES NETTSIDE: www.fordeidrettslag.no

Vi registrerer med glede at fleire av særidrettsgruppene brukar våre nettsider levert av IdrettenOnline. Systemet har eit relativt lågt brukargrensesnitt, er bra integrert med sosiale media som Facebook, Twitter og Instagram, og er gratis for særidrettsgruppene å ta i bruk. Nettsidene er i utgangspunktet reklamefrie, slik at særidrettsgruppene kan legge til eigne sponsorar. Dei som bruker nettsidene aktivt er så langt FIL Langrenn, FIL Alpin, FIL Symjing, FIL Orientering, FIL Friidrett og FIL Hovudlaget, sjølvsagt. Vi utfordrar fleire til å sjekke ut denne nettportalen.


Førde, 2.januar 2017

Tor Starheim

Leiar Førde IL