Fjord1 PreCamp i Jølster og Blomlia

Postet av Førde IL - Alpin den 17. Feb 2016

http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhets...


Bilete frå Sunnfjord Skisenter.


I samarbeid med Førde og Jølster Alpin inviterar Sogn og Fjordane Skikrins til Fjord1 PreCamp 19.-21. februar (informasjonen er oppdatert med deltakarliste pr. 17.02.16).

Deltakarliste pr. 17.02.2016 (kl. 13.55)

MÅLGRUPPE
Samlinga er ein PreCamp for alpinistar som skal delta på Telenorleikane og Hovudlandsrennet i alpint (U14 og U16).

RAMMEPROGRAM
Fredag 19. februar 2016
Frammøte i Jølster Skisenter klar til økt i Super-G.
Påmelde utøvarar skal vere klare til økt kl. 17.00.

Laurdag 20. februar 2016
Kl. 08.30-11.00: SSL i Sunnfjord Skisenter (Blomlia).
Kl. 11.00-12.30: Lunsj og pause
Kl. 12.30-14.30: SL i Sunnfjord Skisenter (Blomlia)

Søndag 21. februar 2016
Kl. 08.30-11.00: SSL i Sunnfjord Skisenter (Blomlia).
Kl. 11.00-12.30: Lunsj og pause
Kl. 12.30-14.30: SL i Sunnfjord Skisenter (Blomlia).

NB! Førde Alpin held lunsj begge dagar.

HOVUDTRENAR
Hovudtrenar på samlinga er krinstrenar Even Hole.

(I tillegg til Even skulle Alpine Race Academy Norge (ARAN) opphaveleg stille med trenarar til denne samlinga, men trenarapparatet til ARAN er oppteken med Ungdoms-OL på Lillehammer denne perioden).

HEISKORT
Jølster Skisenter
Heiskort kjøper ein i varmestova nederst i anlegget.
Kr. 180,- pr. pers.

Sunnfjord Skisenter
Kr. 150,- pr. pers. pr. dag.

TRENINGSAVGIFT
Kr. 300,- pr. løpar for heile samlinga (inkl. lunsj laurdag og søndag).

PÅMELDING
Påmelding gjer ein til krinskontoret pr. e-post.
Frist for påmelding er tysdag 16. februar 2016.

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Yngve Thorsen (s)

adm. sjef


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.